Eit lite kommunikasjonsbyrå i Sunnfjord

Rett på sak til rett pris. Det er Skribbel. Skribbel legg vekt på oversiktleg prising, god dialog og konstruktive innspel, i tillegg til å levere effektivt og presist ut frå dine ønske og behov.

Nettsider, artiklar, pressemeldingar, sosiale medium. Utan godt, målretta innhald er det sjanselaust å nå gjennom i støyen. Skribbel kan spisse ditt innhald slik at du lettare når gjennom og oppnår det du har sett deg føre.

Godt språk må vere tydeleg og forståeleg. Tonen må passe både den som snakkar og den som lyttar. Små og store feil som kan frustrere lesaren, må vekk. Slikt, og ein heil del anna, kan Skribbel hjelpe deg med.

Camilla ryddar raskt opp i tekstane mine, spisser bodskapen og gjer dei lesarvenlege. Ho gir gode råd og er lett å samarbeide med!

Heidi Aabrekk, Intempo AS

Camilla Aasen har fleire års erfaring som journalist og kommunikasjonsrådgjevar. Ho har mastergrad i sosialantropologi, snakkar fem språk og er gründer i Vestavin AS.

Camilla har erfaring med tekst, foto, video, webinar og innhaldsutvikling til aviser, nettsider, sosiale medium og pressemeldingar. Camilla er idèrik og bidreg gjerne på idèmyldringar og strategiske drøftingar.

Lurer du på om Camilla kan hjelpe deg eller di bedrift med noko? Spør, då vel!

Kontakt:
camilla@skribbel.no
472 88 004